– Svenn har vore ekstremt god. Mot Stord hadde han noko slikt som 19 redningar på 32 skot, seier trenar Leif Gautestad til NRK.no.
Sleppte inn fire mål
I første omgang på Stord sleppte Medhus inn berre fire mål.
– I periodar er han oppe i 75 i redningsprosent. Saman med forsvaret er han veldig god, seier han.
Medhus vil ikkje ta æra åleine.
På 4. plass
– Vi har eit suverent forsvar som gjer det enkelt for meg. Dei får skota til å sitje der eg vil ha dei. Det er veldig bra, seier Medhus.
Sigeren borte mot Stord gjer at ØIF Arendal framleis ligg på 4. plass i eliteserien. Laget har fem poeng opp til Haslum på 3. plass.
I neste serierunde kjem Viking Stavanger på besøk i Nedeneshallen. Kampen går 13. februar.