NRK Meny
Normal

Medhus skreiv ny kontrakt med ØIF

Målvakt Svenn Erik Medhus blir i eliteserieklubben i to nye år, og har dermed takka nei til spel i utlandet.

Svenn Erik Medhus, ØIF Arendal

Svenn Erik Medhus har skrive under på ny toårskontrakt med ØIF Arendal.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Onsdag kveld skreiv Medhus under på kontrakten som sikrar han blir i Arendal i to nye år.

– Signaturen er veldig viktig for at ØIF skal oppnå sine mål om å vinne titlar. Svenn er ein spelar som kan påverke resultat, seier leder sport i ØIF Arendal Per Carsten Michelsen til NRK.

30-åringen var ei av dei viktigaste brikkene i laget til Leif Gautestad førre sesong. Medhus var mellom anna med på å ta ØIF Arendal til laget sin første sluttspelfinale nokosinne. Der vart det tap mot Elverum.

Medhus påpeikar mellom anna at arendalittane har styrka stallen med danske Rene Bach og at fleire av dei andre norske klubbane er svekka.

Medhus har vurdert eit tilbod frå utlandet, men har altså landa på å bli på Sørlandet.

No vil han tilbake på landslaget, samstundes som han utelukkar spel i utlandet i framtida.