Hopp til innhold

No skal ØIF-keeperen tette slusene

Etter dalande formkurve dei to siste sesongane er ØIF Arendal-keeper Svenn Erik Medhus i ferd med å finne tilbake til toppforma.

Svenn Erik Medhus, ØIF Arendal

Svenn Erik Medhus er klar for ein ny sesong i ØIF-trøya.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Eg føler det har gått veldig greitt i oppkøyringa. Eg har ein del å revansjere frå i fjor. Eg er veldig svolten, seier Medhus som til dagleg jobbar som røyrleggar i tillegg til å spele topphandball.

Marinko Kurtovic, ØIF Arendal

Marinko Kurtovic på ØIF-trening.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Førre sesong vart ein gedigen vonbrot sett med ØIF-auge. Klubben hadde som mål å vinne ein tittel. I staden vart det kamp om å overleve i eliteserien.

– Vår beste i oppkøyringa

– Det er nok mange årsaker til at vi presterte som vi gjorde. Vi har bestemt oss for at det er eit kapittel vi er ferdige med, men som vi tek med oss og vil lære av, seier Medhus.

Kristiansandaren var ein av spelarane som skuffa i fjor. Men under oppkøyringa til ein ny sesong har Medhus imponert stort.

– Han har vore den beste av våre i oppkøyringa. Han har vore stabil og ligge på 40–50 i redningsprosent. Når du ligg så høgt er du motivert, seier trenar Marinko Kurtovic.

– Medhus har gjort grep og vi har hatt ein god prat. Eg har forsøkt å hjelpe han teknisk. Eg er heilt sikker på at han er dønn motivert og at han vil vere ein av dei beste i serien i år, seier trenaren.

Tenker ikkje på landslaget

Sisteskansen har fleire landskampar på CV-en, men var ikkje i landslagsdiskusjonen førre sesong. Medhus hevdar at ikkje tenkjer på landslagsspel.

– Men dersom ein ringer seier eg sjølvsagt ja. Det er ei ære å spele med flagget på brystet, smiler Medhus.

– No har eg fullt fokus på å prestere best mogleg med ØIF. Kanskje får eg sjansen på landslaget igjen, men det veit eg ikkje, seier Medhus.

ØIF Arendal opnar eliteseriesesongen borte mot Bodø onsdag kveld.

ØIF Arendal-trenar Marinko Kurtovic merka godt at han tok over ei spelargruppe i motgang då han vart trenar i klubben i vår.

Sjå intervju med Marinko Kurtovic før ein ny sesong.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %