Hopp til innhold

Tok fem medaljar på Island

Tre sørlendingar sikra fem medaljar under Nordisk Meisterskap i friidrett denne helga. – Eit kick å springe med flagget på brystet, seier Karoline Daland.

Ingvild Meinseth, Amalie Sæten og Karoline Daland

Ingvild Meinseth (f.v.), Amalie Sæten og Karoline Daland tok til saman fem medaljar på Island i helga.

Foto: Privat

Grimstad-løparen klinka til med sitt nest beste løp på 400 meter nokon sinne og sikra gullet med god margin på Island.

– Eg sprang i bane fem og bestemte meg for å «makse» frå start. Eg tenkte konkurrentane skulle komme, men det gjorde dei aldri. Det var veldig overraskande, men utruleg gøy, seier Daland til NRK.

Norge vart nummer to i samandraget både for kvinner og menn under stemnet på Reykjavík.

Sprint-suksess

Sprintaren kom i mål til tida 55,10 og hadde god margin ned til finske Aino Pulkkinen på andreplass.

Ingvild Meinseth, også ho frå Grimstad, tok to medaljar under meisterskapen på sagaøya. På 100 meter vart det dobbelt norsk. Helene Rønningen vann på tida 11,80. På andreplass følgde Meinseth som kom i mål til 11,91.

Også på 200 meter vart det sølv på Meinseth. Med tida 24,66 var ho fem hundredelar bak Rønningen som tok gullet.

– Eg er veldig nøgd med to andreplassar. Eg låg på tredje på 200 meteren, men når eg klarte å knipe andreplassen er eg veldig nøgd med det, seier Meinseth.

Sølv på 800 meter

Amalie Sæten frå Kristiansand var ikkje noko dårlegare. På 800 meter sikra ho sølvmedalje med tida 2.09,07.

– I fjor kom eg på 5. plass. Eg kan vere godt nøgd. Eg drog heile løpet og brukte mykje krefter, så eg kan vere ganske nøgd med å ta sølvet, seier Sæten.

Daland og Sæten var også med på det norske laget som tok gull på 4x400 meter stafett.

– Vi låg på andreplass når eg fekk pinnen. Så gav eg den til Karoline som gjorde ei kjempebra siste runde. Det var ikkje forventa at vi skulle ta gullet, seier Sæten.

Skal til Zürich

I løpet av sesongen har trioen konkurrert i ei rekkje internasjonale stemne både i Tyskland, U18-EM i Georgia og no på Nordisk Meisterskap for U20 på Island.

– Det er kjempegøy å vere med internasjonalt. Det er ei heilt anna oppleving enn å springe i Norge. Fleire tilskodarar og andre konkurrentar. Du får eit ekstra kick av å springe med flagget på brystet, seier Daland.

Grimstad-løparen toppar sesongen om tre veker. Då skal ho springe 400 meter hekk på forøvingane før Diamond League-stemnet i Zürich.

– Det blir ei skikkeleg stor oppleving, seier ho.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %