Hopp til innhold

Justin Bieber inspirerte Laila Marit til å strikke

Laila Marit Kvernvik opplever enorm interesse for heimestrikka Justin Bieber-panneband.

Han får unge jenter - i hele verden - til å dåne - bokstavelig talt. Kanskje ikke så rart om noen synes at Justin Bieber er en god forretningside.

Risør-kvinne sine heimestrikka Justin Bieber-panneband har blitt særs populære blant Bieber-fansen.

Laila Marit Kvernvik

Laila Marit Kvernvik frå Risør strikkar for harde livet.

Foto: Liv Eva Welhaven Løchen/NRK

Justin Bieber live i Oslo

Justin Bieber er populær over heile verda.

Foto: Universal Music Norway
– Eg legg godt merke til kva ungdommar likar og det har vore mykje i media om det. Det var vel der ideen kom kan du seie, seier Kvernvik til NRK.

Bieber-fansen har ein ting til felles. Dei vil gjerne vise det.

Det gjorde at ho tok strikkepinnane fatt, og resultatet vart altså eit eige Justin Bieber-panneband.

Ho byrja med å publisere bilete av pannebanda på Facebook. Seinare har bestillingane hagla inn.

I tillegg har ho laga panneband med One Direction på.

– Han er perfekt

– No har eg berre hatt bestillingar, eg har ikkje lagt dei ut for sal. Det har eg ikkje hatt nokon ferdig til, seier ho.

I klasse 8C på Risør ungdomsskole sit ein venninnegjeng som gler seg stort til idolet deira går på scena i Oslo i april.

– Eg skjønar ikkje korleis ho klarar å strikke bokstavar, kommenterer ei av dei.

Venninnegjengen svarar slik på kvifor dei er så begeistra for artisten.

– Han er talentfull, kjekk og bryr seg om fansen sidan han viser initiativ. Og så er han perfekt, fniser Josefine Gjerde.

Justin Bieber-fans

Venninnegjengen i Risør er begeistra for pannebandet.

Foto: Liv Welhaven Løchen/NRK

Strikkar og strikkar

I mai i fjor vart fleire titals Bieber-fans skada etter ein minikonsert med Bieber på Opera-taket i Oslo. Truleg var det over 20 000 menneske på taket og i nærleiken.

Sjølv om ho strikkar for harde livet forstår ikkje Laila Marit heilt fascinasjonen for artisten.

– Eg trur det er litt tenåringar generelt. Når dei først har funne eit idol er det det som betyr noko, seier ho.

Tenåringane trur at pannebandet vil slå an.

– Dorthe Skappel laga vel ein strikketrend. Så det kan ho sikkert klare med Justin Bieber også. Eg trur det kan bli ein trend, seier Josefine Gjerde.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Hvem er NRKs nye ekspert? 00:45
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,14 kr
Dyrest kl. 07 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 5,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,3 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %