NRK Meny
Normal

MC-miljø tok avstand frå mobbing

MC-miljøet i Kristiansand tok i dag avstand frå mobbing på eit arrangement på Torvet.

MC aksjon mot mobbing

Sjå video frå markeringa på Torvet i Kristiansand.

Over heile landet er motorsyklistar samla for å markere kampen mot mobbing søndag.

Bakgrunnen for markeringa er 13 år gamle Odin frå Aurskog-Høland som tok livet sitt etter å ha blitt utsett for mobbing i lang tid.

– Vi bryr oss

– Det er viktig at vi markerer og bryr oss om dei som vert mobba, seier Heidi Elverum som samang med Jan Gunnar Sangedal tok initiativ til markeringa i Kristiansand.

– Vi vil vise at motorsykkelmiljøet i Kristiansand ikkje godtek mobbing, seier Sangedal.

Kristiansandsordførar Arvid Grundekjøn var blant fleire som heldt appell på Torvet.

– Mobbing er eit fundamentalt samfunnsproblem. Å sjå at MC-miljøet også har kasta seg inn i kampen med så stort engasjement er veldig bra. Det er verkeleg ei glede å få vere med på dette, seier Grundekjøn.

Mobbeoffer heldt appell

Også Ann Kristin Liland og sonen Robert Mellom Bakkarogberg heldt appell. Robert vart utsett for mobbing i fleire år.

For to år sidan vart Søgne kommune dømde til å betale 650 000 kroner i erstatning fordi han vart mobba på skulen.

Etter appellane sette MC-entusiastane seg på sykkelen. Etter ein liten tur til Stray skal dei tilbake på Torvet.

– Vi er kring 300 her no tenker eg. Det er bra oppmøte, seier Heidi Elverum.

MC-markering mot mobbing

Mange møtte opp på markeringa på Torvet i Kristiansand.

Foto: Sindre Hopland/NRK