Den første episoden fann stad i Vennesla i oktober i fjor. Mennene på 30 og 31 år tok seg inn i ei leilegheit der dei slo to andre menn fleire gonger, samstundes som dei stal fleire verdigjenstandar.
Truga med å drepe
Ein månad etter kravde 30-åringen at ein kristiansandsmann skulle betale han pengar og levere våpen til han. Tiltalte oppførte seg trugande og truga blant anna med «å ta ein finger» av mannen.
30-åringen tok også med seg mannen ut på køyretur, der han tvinga offeret til å ta ut pengar.
- LES: Bekymra for fremvekst av MC-klubber
Seinare same månad slo 30-åringen ein mann gjentekne gonger i ansiktet og kravde pengar av han. Tiltalte tok med seg mannen i ein bil til ein minibank. Under bilturen truga mannen med å drepe og kappe fingrane av han. Seinare tok offeret ut pengar til mannen.
Truga med våpen
I midten av november i fjor truga dei to mennene ein annan mann med våpen. Dei to kravde å få 100 000 kroner av mannen. Då mannen nekta å betale pengane sette dei ein støtpistol mot halsen hans.
Samstundes slo og sparka dei mannen. Han vart pådrege tre kutt i bakhovudet som måtte syast.
I april i år slo 31-åringen ein mann i Kristiansand med knyttneve. Offeret pådrog seg nasebrot og mista 700 kroner.
Rettssaka mot dei to startar i Kristiansand tingrett måndag.
Presidenten fengsla
Fredag føremiddag vart europapresidenten i MC-klubben arrestert av politiet i Kristiansand. Mannen vart seinare på dagen varetektsfengsla i to veker.
Bakgrunnen for arrestasjonen var at han motarbeidde politiet si etterforsking ved å ha truga nokon som er involvert i ei sak som omfattar Mongols.