NRK Meny
Normal

Mathisen vart behandla med morkake

Start-spelar Jesper Mathisen bladde opp frå eiga lomme for å bli behandla av serbisk lege. Sørlendingen pådrog seg ein strekk i låret mot Tromsø.

Jesper Mathisen

MORKAKE: Jesper Mathisen fekk behandla strekkskaden sin med morkake i Serbia i førre veke. Bilete er frå kampen mot Tromsø 12. april då midtstopparen måtte gå av bana med skade. (Arkivfoto)

Foto: Bertinussen, Rune Stoltz / Scanpix

Midtstopparen var i Serbia i førre veke der han fekk behandling av Marijana Kovacevic, som tidlegare har behandla fotballstjerner som Robin van Persie og Frank Lampard.

Den serbiske legen behandlar skadene med væske frå morkake til ein hest.

Framgang

Jørgen Rostrup

Jørgen Rostrup

Foto: NRK

– Kjempeframgang. Før eg reiste ned kunne eg ikkje jogge, men i løpet av to dagar kunne eg spurte og sparke til ein ball, seier Mathisen til fvn.no.

Men fysioterapeut Jørgen Rostrup vil ikkje kalle behandlinga vellykka.

– MR-bileta vi tok etterpå og ultralyden viste at det framleis sit ein skade der, seier han.

– Resultatet viser at det ikkje hadde nokon særleg effekt, men han valde å reise ned på eigen risiko og eiga rekning. Vi rår ikkje spelarane våre til å reise dit, for vi vet ikkje kva ho gjer, seier Rostrup.

Omdiskutert behandling

Ifølgje avisa gjennomførte Start-backen Branislav Milicevic den same behandlinga i fjor, då han sleit med ein lyskeskade. Venstrebacken betalte 25 000 kroner for behandlinga.

– Vi veit at det er eit slags straumapparat og ei slags væske, men eg veit ikkje meir om henne enn det som står på internett, seier Rostrup om den serbiske legen.

– Ho har ei behandlingsform som ingen andre veit kva er, og ho er veldig flink, men legane i Norge er skeptiske, og det kan eg forstå. Bileta viste at det sit litt att, så vi tek ingen sjansar, seier Jesper Mathisen til avisa.

Mathisen håpar å vere klar att til kampen mot Aalesund 8. mai.