Det betyr truleg at Avni Pepa blir Bård Borgersen sin makker i midtforsvaret mot Oslo-klubben. I tillegg har Mons Ivar Mjelde Halli Gudmundsson og Espen Knudsen i bakhand.
- SJÅ: Følg kampen LIVE
Gausdal med
I tillegg er midtbanespelar Olufemi Oladapo tilbake etter å ha vore ute lenge på grunn av skade. Spissen Øyvind Gausdal er med i troppen, og kan få debuten sin på Ullevaal.
I Start-forsvaret stille sørlendingane med ein tidlegare Vålerenga-spelar. Amin Nouri kom til Sørlandet i sommar.
Singh ute
– Det vert sjølvsagt spesielt, men det er jo berre ein fotballkamp og eg legg jo alt til side før kampen, seier han til ikstart.no.
– Eg kjenner Vålerenga godt og veit kva som kjem, seier han til nettstaden.
Vålerenga melder om ein skadefri tropp til søndagens oppgjer, bortsett frå Yossouf Koné som ikkje er speleklar. Harmeet Singh må stå over oppgjeret då han soner karantene for fem gule kort.