– Kontrakten er klar. Vi har berre ikkje fått gjort det enno, seier Mathisen.
Han signerer for to nye år med sørlendingane. Start er klar for opprykk til eliteserien.
Mathisen har vore solid i midtforsvaret denne sesongen.
– Det er sjølvsagt utruleg kjekt at Start vil ha meg med vidare. Eg meiner også eg har vist i år at eg fortener å vera med vidare. Eg har spelt for framtida mi, og det har vore eit ekstra trykk i år, seier Mathisen.