Hopp til innhold

Markerte Motstandskampens dag

Motstandskampens dag vart markert både i Søgne og Songdalen laurdag.

Motstandskampens dag 2015

Motstandskampens dag vart markert i Songdalen.

Foto: Jan Jørg Tomstad/NRK

Lagmann Hanne Sophie Greve la ned krans på minnesmerke i dei to kommunane laurdag ettermiddag.

Det var Greve som tok initiativ til å markere dagen til minne om major Arne Laudal frå Marnardal.

9. mai i 1944 vart Laudal og fem andre henretta på Trandum. Laudal var leiar for motstandsrørsla på Sørlandet.

Laudal leia ein hemmeleg militær organisasjon på Sørlandet og Rogaland. Denne vart avslørt i 1942 og han vart arrestert i heimen sin.

Laudal vart utsett for tortur då han vart avhøyrt av tyskarane på Arkivet i Kristiansand. Totalt skal opp mot 500 personar i organisasjonen ha blitt arrestert.

Villeia tyskarane

Markeringa vert arrangert av Stiftelsen Arkivet og Venneforeningen Motstandskampens dag.

– Datoen er vald til minne om henrettinga på Trandum, seier Greve til NRK.

Greve meiner at Laudal og hans menn aldri har fått den takka dei fortener for innsatsen under krigen. Ho fortel også at Laudal var sentral i ein villeiingsstrategi mot Tyskland.

Hitler skal ha kalla Norge eit skjebneområde. Han frykta at Storbritannia og Russland skulle ta seg ut på kontinentet gjennom Norge.

Motstandskampens dag 2015

Hanne Sophie Greve legg ned krans.

Foto: Jan Jørg Tomstad/NRK

Døydde for fred

Dette gjorde at tyskarane heldt att mange soldatar i Norge. Det har vore operert med 350 000 tyske soldatar i Norge til no. Men ifølgje Greve kan det ha vore kring ein halv million tyske soldatar.

– Det går fram i ein rapport frå det militære forskingssenteret i Berlin. Alle soldatane som vart att i Norge kunne jo ikkje nyttast i krig andre stader. Det var eit fantastisk vellukka villeiingsspel seier ho.

Dette var niande gang at dagen vart markert. Neste år skal dagen markerast i Valle og Bykle.

– Det er i ferd med å bli allmenn aksept for at dette var ein usedvanleg viktig del av vårt krigsbidrag. Å villeie fienden. Dei døydde for saka dei ynskte å kjempe for, nemleg fred, seier Greve.

Motstandskampens dag i Søgne 2015

Motstandskampens dag var også markert i Søgne.

Foto: Jan Jørg Tomstad/NRK
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %