Hopp til innhold

Marie (19) fall opp mot 50 meter: – Takk og lov for at det gjekk så bra

Bruk av ryggskinne og hjelm berga truleg livet til Marie Frivold (19) som fall mellom 40 og 50 meter ned frå ein fjelltopp på Hovden.

Marie Frivold

Marie Frivold, her frå ein tidlegare skitur, fall truleg mellom 40 og 50 meter frå ein fjelltopp torsdag.

Foto: Privat

– Takk og lov for at det gjekk så bra. Det er heilt utruleg at ho kom så godt ut av det, seier mor Maren Furuholt Frivold til NRK.

Ho er på sjukehus i Oslo saman med dottera som får behandling etter det dramatiske fallet skjærtorsdag.

– Marie hadde englevakt, seier mora til Fædrelandsvennen som først skreiv om saka.

Ulykkesstad Hovdenuten, Hovden
Foto: Lars Gunnar Retterholt

– Omtåka og sliten

Ho er kraftig forslått med hjerneristing og to knekte ribbein.

– Etter forholda går det veldig bra. Ho vil ikkje få varige mein, men er sjølvsagt litt omtåka og sliten, seier mora.

At dottera har klart seg greitt fekk mora svar på fredag morgon.

– Ho ville vere med på det store påskerennet på Hovden i dag. Ho kunne ikkje forstå at ho ikkje kunne det. Då byrja eg å grine. Eg vart så glad, fortel mora.

19-åringen vart henta ned frå fjellsida med helikopter.

Mista fotfestet

19-åringen frå Kristiansand var på topptur på Hovdenuten saman med fleire andre då ulykke skjedde.

Dei andre skulle fly ned igjen med paraglider.

Sidan Frivold ikkje har autorisering for dette måtte ho renne ned på ski aleine.

– Ho har sagt at ho måtte ta av seg skia fordi det var lite snø på toppen. Ho måtte fram på kanten for å sjå kor ho kunne renne ned. Så har ho mista fotfestet og byrja å skli litt og litt, fortel mora.

Fallulykke Hovdenut

Både politi, ambulanse, Røde Kors og fjellredningsgruppe deltok i arbeidet med å hente ned 19-åringen torsdag.

Foto: Lars Gunnar Retterholt

Går på ekstremsportlinje

Ifølgje politiet har sørlendingen truleg falle mellom 40 og 50 meter frå toppen Hovdenuten ligg på kring 1100 meter.

– Vi ana ikkje kva tilstand ho var i då eg og mannen min kom bort til fjellet. Det var heilt forferdeleg. Men ein eller annan overlevingsmekaniske slår inn, som gjer at dei blir sterk. Men vi fekk gode nyheiter heile tida, seier ho.

Til dagleg går 19-åringen på ekstremsportlinja på Voss Folkehøgskole.

I tillegg har ho gått tre år på skilinja på Hovden vidaregåande skole. Ho er med andre ord særs fjellvand.

– Marie klarte seg takka vere at ho brukte ryggskinne og hjelm. Det er noko alle som står på ski bør bruke.

– Ei påminning

Berre nokre få hundre meter lengre aust for der ulykka skjedde, ligg Hovden skisenter.

Dei er det første skisenteret i landet som innfører forbod mot å køyre utan hjelm.

– Vi ser jo på skadestatistikken at dei alvorlege ulykkene blir kraftig redusert der det blir brukt hjelm og ryggskinne. Denne ulykka er ei påminning, seier dagleg leiar i Hovden skisenter Sture Pilegård.

Sture Pilegård

Sture Pilegård er dagleg leiar på skisenteret på Hovden.

Foto: Siv Kristin Sællmann

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Hvem er NRKs nye ekspert? 00:45
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 03 1,36 kr
Dyrest kl. 08 1,96 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5 %