Hopp til innhold

Marcussen sette ny norsk rekord

Ida Marcussen leverte sin sterkaste konkurranse på lang tid. Sørlendingen sette årsbeste i fire av fem øvingar under femkampen under innandørs-EM i Paris. Det heldt til ny norsk rekord.

Ida Marcussen

NY REKORD: Ida Marcussen sette ny norsk bestenotering i femkamp under innandørs-EM i Paris. (Arkivfoto)

Den nye rekorden er på 4283 poeng. Marcussen hadde sjølv den gamle rekorden på 4214 poeng frå 2008.

– Ååå... Eg er veldig sliten no, men det gløymer eg når eg har sett norsk rekord. Eg har det veldig bra no, seier Ida Marcussen til NRK.no.

– Ho var veldig veldig glad og det er utruleg kjekt å sjå at Ida fekk litt ut av potensialet sitt, stadfestar sportssjef i Norges Friidrettsforbund, Ronny Nilsen til NRK.no.

Sterk 800 meter

Ronny Nilsen

Ronny Nilsen

Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX
Christina Vukicevic

Christina Vukicevic

Foto: BERTRAND GUAY / Afp
Lukas Udelhoven

Lukas Udelhoven

Foto: Sander Heggheim / NRK

Marcussen fekk ein god start på femkampen då ho sette årsbeste på 60 meter hekk. Lysluggen sprang i mål til tida 8,72. Også i høgde vart det ny årsbeste der ho hoppa 1,68.

I kule kasta Marcussen 12,49 og var eit stykke bak personleg årsbeste på 12,77.

Ida Marcussen måtte ha over 1700 poeng i dei to gjenståande øvingane for å setje ny norsk bestenotering. I lengde vart det 6,06 som er sesongbeste.

Kristiansandaren fullførte femkampen med ein knallsterk 800 meter på tida 2.12,93. Det er berre tidelar frå hennar personlege rekord utandørs (2.12,53).

Har meir inne

– Det var eit strålande løp. Ho la seg i front i feltet. Ho sprang under 2.13 og det er ei kjempetid, seier sportssjefen.

– Eg visste at det kunne bli norsk rekord, men eg var litt usikker på kva tid eg måtte ha. Det var mange gode løparar i feltet, så eg bestemte meg for å prøve å henge på og slå dei. Det fungerte veldig bra, seier Marcussen.

– Samstundes viser ho at ho har mykje meir inne. Det siste hoppet i lengde var hårfint dødt. Trass i at ho set norsk rekord har å eit endå større potensial, seier han.

Tøff tid

Marcussen har hatt to vanskelege sesongar der resultata har uteblitt. Kritikarane har blant anna stilt spørsmålsteikn om trenar Lukas Udelhoven er rett mann. I tillegg har mange vore kritiske til målsettjinga om OL-gull i London i 2012.

– Det er klart ein set stor pris på slike opplevingar som dette. Det har vore veldig mykje positivt på trening, men eg har ikkje fått det ut i konkurranse. Vi er på rett veg, det viser seg no. Det har vi eigentleg visst heile tida, seier Marcussen.

– Er det ekstra deilig å slå tilbake mot kritikarane?

– For oss er det kjekt å sjå at vi klarar ny norsk rekord og ikkje er på det beste i alle øvingane. Dette er betre enn vi har vore nokon gang. Eg tenkjer ikkje så mykje på kritikarane. Eg har nok med det presset eg set på meg sjølv, seier ho.

Vukicevic tok bronse

Berre minutt etter at Marcussen sette norsk rekord tok hekkeløpar Christina Vukicevic bronse på 60 meter hekk. Også ho sette ny norsk rekord.

– Det var utruleg morro! Ein god dag for norsk friidrett, seier Marcussen.

– Det er veldig morro å vere sportssjef for slike utøvarar. Det har vore ein stor norsk dag her i Paris, seier sportssjefen.

Ida Marcussen

I FORM: Ida Marcussen leverte ein sterk prestasjon under EM i Paris. Sjølv trur ho at ho har meir inne.

Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

Utanlands i tre månader

Marcussen har vore utanlands i tre månader i strekk for å få best moglege treningsforhold. Måndag kjem ho tilbake til Norge - med ny norsk rekord i femkamp i baggasjen!

– Det gler eg meg til. Men eg er spent på korleis treningsforholda er, seier ho.

– Eg ser uansett fram til å slappe av, sjå vener og familie og flytte inn i ny leilegheit. Det blir veldig kjekt, seier ho.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %