Hopp til innhold

Marcussen senka gamle lagvenninner

Mai Marcussen forlot Vipers Kristiansand før årets sesong for spel i 1. divisjonsklubben Utleira. Til slutt enda ho opp i Byåsen. Laurdag var ho på bana mot Vipers Kristiansand.

– Eg grudde meg sånn på førehand. Eg har nesten ikkje sove dei siste nettene. Det er alltid skummelt å komme tilbake å spele føre «heimepublikummet». Det var kjempeskummelt eigentleg, seier Mai Marcussen til NRK.no.

Marcussen markerte seg med tre scoringar mot gamleklubben i Karusshallen, då Byåsen slo Vipes 31-27. Ho vedgår at det var spesielt å spele mot Vipers Kristiansand.

Mai Marcussen, Byåsen

SIGER: Mai Marcussen jublar for Byåsen-scoring.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Voks opp i Karusshallen

– Det var veldig rart. Eg har jo vokse opp i denne hallen og spelt her heilt sidan eg var liten. Det føltest som om eg var på feil banehalvdel og i feil garderobe, men det var også veldig godt, seier Marcussen.

20-åringen fekk lite speletid i kristiansandsklubben. Ho vedgår at det var ei revansjelysten jente som gjekk på bana laurdag.

– Det var nok litt av det også, ja. Eg hadde lyst til å bevise at eg er ein god handballspelar og at eg held nivået i eliteserien, seier ho.

– Fekk du nok sjansar i Vipers?

– Eg fekk mine sjansar, men det var ikkje heilt mi tid til å lukkast. Eg skulle sjølvsagt ynskje at eg fekk litt meir tillit, men slik er det. Nokre gonger passar det, andre gonger ikkje, seier Marcussen.

Fortent siger

Michelle Brandstrup, Vipers Kristiansand

SLEIT: Michelle Brandstrup og resten av Vipers-jentene sleit mot eit godt Byåsen-lag.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Bortelaget tok ein fullt fortent siger i Karusshallen. Vipers Kristiansand fekk ein god start og var i føringa etter det første kvarteret - så var det stopp. På dei siste 15 minuttane i første omgang scora laget kun to mål, medan Byåsen scora 11.

– Vi har ein periode i første omgang der vi ikkje spelar bra nok framover. Vi får mange kontringar mot oss, som gjer at Byåsen tek over og kontrollerer kampen, seier Vipers Kristiansand-trenar Peder Langfeldt til NRK.no.

– Er det der kampen vert avgjort?

– Ja, eg føler det. Vi er gode i periodar og leiar etter første halvdel i første omgang. Så blir vi unøyaktige og dei kontrar og dei styrer kampen, seier trenaren.

Om Mai Marcussen har Langfeldt følgjande kommentar.

– Såg meir på oss sjølve

– Ho kjem vel frå det med eit par mål. Eg trur ho gjorde det ganske bra. Eg såg ikkje så mykje veldig på ho. Eg såg meir på oss sjølve og prøvde å rette våre feil, seier han.

– Burde ho ha fått meir tillit i Vipers?

– Nei!

Sjølv kunne Mai Marcussen juble over to poeng og ein god kamp i Byåsen-drakta. Ho har allereie spelt fleire eliteseriekampar og Meisterligakvalifisering for trøndarane.

– No får vi sjå kva skader Byåsen har framover og når dei skada spelarane kjem tilbake. Eg spelar jo også i Utleira, så vi må sjå an situasjonen, seier Marcussen.

Terminliste Vipers Kristiansand 2010/11

Dato

Heimelag

Bortelag

Tid

5-Sep

Levanger

Vipers Kristiansand

17-20

12-Sep

Vipers Kristiansand

Storhamar

29-26

19-Sep

Larvik

Vipers Kristiansand

26-18

2-Okt

Vipers Kristiansand

Byåsen

27-31

10-Okt

Tertnes

Vipers Kristiansand

31-22

17-Okt

Vipers Kristiansand

Selbu

15:00

27-Okt

Vipers Kristiansand

Fredrikstad Bkl.

18:00

7-Nov

Nordstrand

Vipers Kristiansand

18:00

21-Nov

Vipers Kristiansand

Stabæk

18:00

9-Jan

Vipers Kristiansand

Sola

18:00

16-Jan

Flint

Vipers Kristiansand

18:00

23-Jan

Vipers Kristiansand

Levanger

15:00

30-Jan

Storhamar

Vipers Kristiansand

18:00

2-Feb

Vipers Kristiansand

Larvik

18:00

9-Feb

Byåsen

Vipers Kristiansand

18:00

16-Feb

Vipers Kristiansand

Tertnes

18:00

27-Feb

Selbu

Vipers Kristiansand

16:00

6-Mar

Fredrikstad Bkl.

Vipers Kristiansand

18:00

13-Mar

Vipers Kristiansand

Nordstrand

18:00

20-Mar

Stabæk

Vipers Kristiansand

18:00

23-Mar

Vipers Kristiansand

Flint

18:00

2-Apr

Sola

Vipers Kristiansand

16:00

Ekspander/minimer faktaboks

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %