Hopp til innhold

Marcussen på 7. plass i U23-EM

Ida Marcussen fekk ein liten opptur under U23-meisterskapen i Kaunas i Litauen.

Ida Marcussen, Bislett Games

Ida Marcussen i aksjon under Bislett Games tidlegare i år.

Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

Etter ein elendig start på konkurransen med svake resultat på 100 meter hekk og kule, fekk 21-åringen ein liten opptur i kule då ho sette ny årsbeste med 13,29 meter.

God spydkonkurranse

På dag to heldt ho fram der ho slapp med ny årsbeste på 200 meter med tida 25,49. Også i lengde vart det ny årsbeste med 6,21 i tredje forsøk.

I spyd leverte Marcussen ein god konkurranse då ho kasta 46,42 meter, noko som heldt til ein andreplass i konkurransen. Og i siste øving (800 meter) sprang ho inn til nestbeste tid - 2.14,67.

VM?

Det gjorde at Marcussen til slutt enda på 7. plass med 5882 poeng, noko som berre er 18 poeng bak B-kravet til VM i Berlin. Dette var siste sjukamp-stemne før VM, men Marcussen får truleg VM-billett sjølv om ho ikkje klarte kravet.

– På bakgrunn av fjorårets resultat kan vi sende Ida til VM. Det kjem vi også truleg til gjere. Vi veit at ho kan, og no verkar det som om det er i ferd med å løsne, har sportssjef i Norges Friidrettsforbund, Ronny Nilsen tidlegare sagt til NRK.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %