Hopp til innhold

Manson blir hovudartist

Amerikanske Marilyn Manson kjem tilbake til Kristiansand og Quartfestivalen til sommaren.

Marilyn Manson

Marilyn Manson kjem til Kristiansand til sommaren.

Foto: THOMAS LOHNES / AFP

- Timinga var riktig i forhold til hans nye line-up og den nye plata hans som vert slept i mai, seier bookingsjef, Trond Aage Nyhus til NRK.

Mye bråk sist

Manson er ein omstridd artist og det vart mykje bråk før han kom til Quartfestivalen i 1999. Fleire kristne demonstrerte og det vart generelt oppstyr blant sørlendingane, som reagerte på rockaren sitt fokus på sex, dop og angiveleg sataniske symboler. No står det att å sjå om reaksjonane vil likne på dei som kom for 10 år sidan.

Marilyn Manson slepp si nye plate "The High End Of Low" før sommaren. I samband med videoinnspelinga til singlen "I Want To Kill You Like They Do In The Movies", seier Manson til magasinet Rolling Stone at den hovedsakeleg kjem til å handle om mord, sex, død og slutten på alt.

Video nsps_upload_2009_2_4_11_48_41_999.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Se video fra 1999: Ber for Quart-festivalen

Ventar på klarsignal

Frå før av har Quartfestivalen berre sluppe eit hovudnamn. I november blei det klart at den tidlegare Guns N`Roses-gitaristen Slash kjem, saman med ei rekkje andre artistvener. Fleire musikkmeldare sa då at dette gav festivalen eit B-stempel .

LES: SLASH SEL DÅRLEG

Skal vi tru bookingsjef Trond Aage Nyhus er ikkje Manson det siste store namnet som vil vere på plass i Kristiansand til sommaren.

- Vi har fleire på blokka, og vi er i god kontakt med fleire, men vi må få klarsignal frå agentar før vi får gjort så mykje meir, seier han.

Når dei neste artistane vert slepte veit han ikkje enno.

- Det er litt vanskeleg å svare på, då det er marknaden som avgjer. Men vi har fått gode tilbakemeldingar og er med i dansen. Innan kort tid skal vi komme med fleire namn, seier han.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %