Mann stakk av etter bilulykke

Politiet har arrestert ein mann etter ei trafikkulykke på Røyselandsheia i Mandal.

Bilen hadde køyrd av vegen og hindra trafikken i å komme forbi. Politiet vart varsla, men på staden var det ingen bilførar å sjå.

Politiet fekk melding om ulykka ved 7-tida fredag morgon. To timar seinare pågreip politiet sjåføren.

– Det er mistanke om promillekjøyring, så vi har teke blodprøve av han, seier operasjonsleiar ved Agder politidistrikt, Per Kristian Klausen til NRK.

Politiet har taua inn bilen til mannen og saka vil bli etterforska av politiet i Mandal.