NRK Meny
Normal

Mann sovna i feil hus etter fest - vart vekt av politiet

Politiet fekk seg litt av ei overrasking då dei rykte ut til det dei trudde var eit innbrot i Kristiansand fredag morgon.

– Mannen var i djup søvn og vart vekt av politiet. Vi fekk etter kvart i gang ein dialog med mannen, seier operasjonsleiar ved Agder politidistrikt, Øystein Vellesen til NRK.

Politiet vart varsla om eit mogleg innbrot i Gimleveien i Kristiansand tidleg fredag morgon.

Politiet rykte altså ut, men det viste seg å ikkje vere fullt så alvorleg som ein først trudde.

– Det viste seg at det var ein student som truleg har hatt ein hyggjeleg kveld på byen. Han har gått i feil hus og lagt seg til å sove i ein sofa, fortel Vellesen.

Den 21 år gamle mannen var tydeleg rusa og fekk ei klar melding frå politiet.

– Han fekk ei formaning eller åtvaring om at han må skjerpe seg og sørgje for å komme seg i riktig hus neste gang, seier han.