Mann slått bevisstlaus

Politiloggen: Slåsting, rus og kranglete gjester er nokre av stikkorda frå politiet sine oppdrag natt til laurdag.

04.16 Kristiansand: Det vart sett i gang redningsaksjon etter ein rusa mann i Kristiansand hamn. Besetninga på ferja Fjord Cat trudde at mannen hadde falle på sjøen. Det viste seg å ikkje stemme. Kort tid seinare vart han pågripen. Mannen sit no i arresten og vil bli bøtelagd. Les meir her.

02.30 Arendal: Ein mann vart sett i arresten etter å ha nekta å forlate sentrum på grunn av at han var overstadig rusa.

02.10 Kristiansand: Ein mann skal ha blitt slått ned av to menn på Gartnerløkka. Mannen vart send til legevakta. Han skal ha pådrege seg mindre skader. Saka er meld til politiet.

01.50 Arendal: Ein mann vart slått bevisstlaus på Langbrygga i Arendal. Mannen vart send til sjukehus, men tilstanden er ikkje kjent. Ein person er pågripen og sett i arresten.

01.40 Mandal: Ein kranglete og rusa gjest vart nekta adgang til ein uteplass. Personen ville ikkje høyre på vaktene og vart seinare vist bort av politiet.

01.40 Kristiansand: Ein kranglete og rusa gjest vart vist bort frå byen etter å ha nekte å høyre på vaktene på eit hotell i byen.

01.10 Arendal: Tre personar vart tekne då dei urinerte på Langbrygga. Dei tre er melde til politiet.

00.55 Flekkefjord: Ein person er send til sjukehus etter ein slåstkamp i ein privat bustad. Ein person er pågripen av politiet og sett i arresten.

00.40 Flekkefjord: Ein mann kasta ei blomsterkasse i bakruta på ein bil. Mannen er meld til politiet.

22.51 Grimstad: Ein person vart pågripen etter å ha truga ein mann med kniv.

22.20 Grimstad: Ein mann vart meld for å ha drukke alkohol på offentleg stad. Politiet bad mannen tømme drikka. I staden drakk han openlyst føre politipatruljen.