NRK Meny
Normal

Mann risikerer bot etter skogbrann

Ein mann risikerer bot og erstatningskrav etter skogbrannen i Sirdal søndag kveld.

Skogbrann i Sirdal

Kring to mål vart svidd av ved Oftedal Næringsbygg i Sirdal.

Foto: Tor Sindre Tjomlid/Avisen Agder

Bjørnar Stapnes

Innsatsleiar i politiet Bjørnar Stapnes.

Foto: Lars Eie/NRK

– Han risikerer først og fremst å bli bøtelagd av politiet. Han risikerer også erstatningskrav frå brannvesenet og eigarar i området, dersom det er verdiar som har gått tapt, seier innsatsleiar i politiet, Bjørnar Stapnes til NRK.

Alt tyder på at eit bål som vart tent opp tidlegare på dagen er årsaka til at det byrja å brenne.

Det var ved Oftedal Næringsbygg det brann.

– Opplysningane vi sit på per no seier at ein person køyrt ut spon og sett fyr på dette tidlegare i dag. Han fekk beskjed om å sløkkje bålet og gjorde det, men så har det teke fyr igjen, seier.

Mannen har ifølgje politiet innrømt å ha fyrt opp spon.

Brann i hogstfelt

Brannvesenet vart varsla om brannen like før klokka 18 søndag kveld. Brannmannskap frå Sirdal var raskt på plass. Seinare vart også brannvesenet i Flekkefjord kalla ut.

Også lokale bønder hjelpte til med å frakte vatn fram til staden. Mykje kvist og spon i området gjorde at det brann godt.

– Brannven spreidde seg vidare til eit hogstfelt. Ut ifrå vindretning og vindstyrke kunne konsekvensane har vore atskilleg større enn det heldigvis vart, seier innsatsleiaren.

Laurdag innførte brannvesenet i Sirdal totalforbod mot bruk av eld.

– Eg tykkjer det er litt lite tankegang når det vert fyrt opp bål slik det er no. Det er knusk tørt, seier brannsjef i Sirdal Ivar Skreå til NRK.

Flaks hindra storbrann

Ifølgje brannsjefen var det berre flaks som gjorde at skogbrannen ikkje utvikla seg til ein større brann.

Det blir halde vakt i området i natt. I tillegg blir området bløytt grundig med vatn.

Brannvesenet i Sirdal har også lagt ned totalforbod mot fyring av St. Hans-bål måndag.

– Det er så tørt og så lite som skal til for å starte ein brann. Difor blir det totalforbod, seier Skreå.

Brannvesenet har kontroll over skogbrannen ved Oftedal Næringsbygg i Sirdal. Brannen starta truleg etter bålbrenning.