Ein 30 år gammal mann som satt i den andre bilen har fått alvorlege bruddskader, men tilstanden blir betegna som stabil.
Ulykka skjedde like før klokka 7 på vegen mellom Lillesand og Birkenes.
Glatt veg
Det skal vere glatt på staden.
– Ulykka skjedde med kommunegrensa mellom Lillesand og Birkenes. Ein er mann er kritisk skada. Ein annan er omkomme, seier operasjonsleiar ved Agder politidistrikt, Hans Petter Osaland til NRK.no.
– Det er veldig glatt på staden. Ifølgje patrulja er det underkjølt regn som har frose, seier han.
Vegen er stengd
Ulykka skjedde på kommunegrensa mellom Birkenes og Lillesand.
Vegen er stengd som følgje av ulykka.
Politiet er i kontakt med dei pårørte.