NRK Meny
Normal

Mann omkom i snøskuterulykke

Ein mann omkom i ei snøskuterulykke på Reismyrfjellet i Åmli. Ein annan person skal vere lettare skada.

Snøskuterulykke i Åmli

Politi og ambulanse på plass i Åmli.

Foto: Nils Mosberg

Politiet vart varsla om ulykka ved 18.30-tida laurdag kveld.

Luftambulansen vart kalla ut og var på plass kring 50 minutt seinare. I tillegg sende brannvesenet ut mannskap på snøskuter som tok seg inn i fjellet.

To timar seinare stadfesta politiet at ein person omkom i ulykka.

– Førebels har vi ikkje noko formeining om kva som har skjedd. Det vil bli sett i gong etterforsking, seier operasjonsleiar i Agder-politiet, Geir Andersen til NRK.

Ifølgje politiet skal det ha vore 10-12 personar tilstades. Desse får no tilbod om krisehjelp frå Åmli kommune.

Ei politipatrulje var ved 21-tida framleis i området der ulykka skjedde.

Toppen av Reismyrfjellet ligg på 636 meter over havet.

Fjellet ligg berre få kilometer frå fylkesgrensa til Telemark.

Laster kart, vennligst vent...