NRK Meny
Normal

Mann nekta for drapsforsøk

Ein 21 år gammal mann hevdar han er uskuldig i drapsforsøk då saka mot han starta i Aust-Agder tingrett måndag.

Knivstikking i Grimstad

KNIVDRAMA: Tiltalte 21-åringen hevdar at han ikkje prøvde å drepe då han knivstakk ein mann i fjor. (Arkivfoto)

Foto: Benedicte Goa Ludvigsen / NRK

Mannen er tiltalt for å ha prøvd å drepe ein 25 år gammal mann med kniv i Grimstad sentrum i juni i fjor.

Den tiltalte vedgjekk å ha knivstukke mannen, men ikkje at det var eit drapsforsøk, skriv Fædrelandsvennen.

Offeret vart stukke fleire gonger etter ein krangel, og holdt på å døy av skadene.