Hopp til innhold

Mann i 20-åra slått ned og rana på opa gate

Politiet jaktar to gjerningsmenn av utanlandsk opphav etter det politiet kallar eit brutalt ran på opa gate. Politiet etterlyser tips i saka.

Kvadraturen skolesenter, Kristiansand

Hendinga skjedde ved inngangspartiet til Kvadraturen skolesenter i Kristiansand.

Foto: Lars Erik Larsen/NRK

Hendinga fann stad ved inngangspartiet til Kvadraturen skolesenter i Kristiansand ved 21.50-tida onsdag kveld.

– Han var på veg heim og trefte to personar, som meir eller mindre uprovosert gjekk til angrep på han, seier etterforskingsleiar i kristiansandspolitiet, Kjell Erik Eriksen til NRK.

To jenter saman med mennene

Dei to gjerningsmennene stal lommeboka hans, som inneheldt kontantar. Mannen skal ha fått to slag mot munnpartiet.

– Skadene er til dels alvorlege, seier Eriksen.

Ifølgje mannen i 20-åra skal det også ha vore ei eller to jenter saman med dei to mennene.

– Fornærma har gitt eit veldig vagt signalement. Vi har ikkje veldig mange detaljar på korleis dei såg ut. Vi veit at dei to mennene er av utanlandsk opphav, men det er uvisst kva nasjonalitet dei har. Fornærma oppfatta at jenta, eller dei to jentene var norske, seier etterforskingsleiaren.

Mann forsøkte å stoppe ranet

Også ein mann, som forsøkte å stoppe ranet, vart slått av dei to.

– Også han fekk slag mot ansiktet. Han måtte til legevakta for å sy, seier han.

Politiet etterlyser no tips frå publikum i saka. Ifølgje Eriksen er dette ei sak som vert prioritert av politiet.

– Dette er ei alvorleg sak, som vi brukar ressursar på. Dette er uprovosert og brutalt. Det er heldigvis ikkje snakk om livstrugande skader, men skadene er likevel alvorlege, seier Eriksen.

Politiet går no gjennom overvakingsbilete frå fleire stader i byen, for å prøve å finne gjerningsmennene.

Samme kveld bensinstasjonen på Gartnerløkka i Kristiansand ranet. Men politiet tror ikke det er noen sammenheng mellom de to ranene.

Kvadraturen skolesenter

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %