Hopp til innhold

Mann funnen omkomen i Birkenes

Ein mann (73) er funnen omkomen ved Oggevatn i Birkenes etter å ha vore på symjetur. Årsaka til ulykka er førebels ukjent.

Mulig drukning

Naudetatane rykka ut til ulykkesstaden ved Oggevatn i Birkenes.

Foto: Tone Joreid

Klokka 17 onsdag fekk politiet meldingar om ei ulykke ved Oggevatn på Birkenessida av vatnet.

Mannen var ein del av eit utanlandsk turfølge frå Tyskland, og han blei funnen livlaus i vatnet av pårørande.

– Han ville ta seg ein symjetur og nokre av vitna såg at han var i vatnet. Neste gong dei såg han låg han delvis under vatn. Han blei tatt i land og forsøkt gjenoppliva, opplyser operasjonsleiar i Agder-politiet, Ole Bjørn Kleivane.

Mannen vart funnen i sydenden av Oggevatn.

Det vart ingen direkte vitne til hendinga, og årsaka til ulykka er førebels ikkje kjend. Men politiet trur det truleg dreier seg om eit medisinsk anfall.

Laster Twitter-innhold

Politiet sleit med å finne fram

Det blei drive livreddande arbeid på staden, som vart avslutta etter kort tid.

Ein person av utanlandsk opphav ringde inn og melde om ulykka.

Politiet hadde utfordringar med å finne fram til ulykkesstaden då personane hadde vanskeleg for å redegjere for kvar dei var. Det skal vere snakk om eit reisefølgje med utanlandske turistar.

Både vitne og avdøde er utanlandske borgarar.

Uviss hendingsgang

Årsaka til ulykka er førebels ukjent. Klokka 19 er naudetatane er i ferd med å avslutte arbeidet på staden.

Hendingsgangen til ulykka er førebels uviss.

Politiet oppretter sak på hendinga.

Oggevatn

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %