64-åringen vart meldt sakna etter at han ikkje kom heim til avtalt tid tysdag kveld.
Mannen skal ha vore på ei hytte like ved Vestre Krokevatni i Bygland. Hytta ligg på kring 900 meter over havet.
Det er sett inn Sea King-helikopter i området. I tillegg er det sett inn dykkarar i vatnet.
– Vi avventar litt med meir mannskap fordi det er mørkt. Vi ser det ikkje hensiktsmessig at det blir søkt i terrenget, som er veldig ulendt, seier operasjonsleiar i Agder-politiet Geir Andersen til NRK.
– Det kan vere farleg for mannskapa. Vi avventar litt og vurderer kva vi skal setje inn av ressursar torsdag morgon, seier han.
Ifølgje politiet skal mannen vere i god fysisk form.
NRK oppdaterer saka.