Mann (42) tiltalt for dyrking av cannabisplantar

Ein mann frå Farsund er tiltalt for å ha dyrka fleire hundre hasjplantar.

Cannabisplantasje Lyngdal

FUNN: Denne plantasjen vart avslørt i Lyngdal.

Foto: Cathrine Mjøs Sviggum / NRK

Saka er ei av dei største nokongang i Lister-regionen.

– Saka er ganske stor. Det viser dommen som fall mote ein av partane, seier lensmann Kåre Undhammer til NRK.no.

Kvinne allereie dømd

Ei kvinne (43) som kjende 42-åringen er allereie dømd til fengsel i to år for å ha dyrka over 200 plantar for mannen.

Mannen vart i 2006 avslørt for å ha dyrka over 300 harsjplantar i Farsund og Lyngdal. Lensmannen er nøgd med å ha stoppa ein så stor produksjon.

– Vi fekk stoppa desse. Dette var eit anlegg som var av betydeleg storleik, seier Undhammer.

– Kor mykje som vart omsett eller ville ha blitt omsett av dette veit vi ikkje, men vi er veldig glade for å ha stoppa ei slik verksemd, seier Undhammer.

Fleire funn

Det er gjort fleire avsløringar av narkodyrking dei siste åra. I februar i fjor oppdaga politiet ein større cannabisplantasje i Lyngdal. Plantasjen vart funne i eit privathus og tre personar vart sikta i saka.

I 2010 vart ein stor cannabis-plantasje funne på eit nedlagt småbruk i Sirdal. Der vart det funne 250 plantar, som hadde ein verdi på fleire hundre tusen kroner.