Hopp til innhold

Mange framleis utan telefondekning

Mange kundar er framleis utan telefon og breiband etter uvêret «Nina» på Sør- og Vestlandet i helga.

Tre reiv ned straum- og telefonleidning

Eit stort tre velta i Risør og tok med seg både straum- og telefonleidning.

Foto: Simen Rosland

Det er Hægebostad i Vest-Agder og Austvoll og Samnanger i Hordaland som er hardast råka, ifølgje Telenor.

Årsaka er mellom anna tre som har falle over telefonlinjene.

Mange basestasjonar ute av drift

Amundsen 19

Dekningsdirektør i Telenor, Bjørn Amundsen.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu

Til saman er 68 basestasjonar ute av drift i Hordaland etter herjingane. I Vest-Agder er 16 basestasjonar ute av drift.

– Gjennom måndagen har vi prioritert dei verst utsette områda i Austevoll og Samnanger i Hordaland og Hægebostad i Vest-Agder, seier dekningsdirektør i Telenor, Bjørn Amundsen, i ei pressemelding.

– Vi har sett ned ei spesialgruppe som jobbar dedikert mot Hordaland for å sikre både prioritering og feilretting i området, seier han.

Må ha straum

I Austevoll og Hægebostad er det mellom anna ein feil på fibernettet. Når denne feilen er retta vil mange få telefon og internett tilbake, ifølgje Telenor.

Telenor er mellom anna avhengig av å få straumen tilbake på mange av områda som har feil, for å få full oversikt over situasjonen.

– Vi har tett dialog med kraftselskapa for å identifisere dei enkelte utfalla, seier Amundsen.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %