Mange eldre vil ha jobb i Dyreparken
75 personar møtte opp då Kristiansand Dyrepark hadde eit informasjonsmøte om seniorjobbar denne veka.
Dyreparken har 35 ledige seniorstillingar til våren.
– Det gjekk over all forventning. Vi hadde rigga plass til 60 deltakarar, men måtte setje inn fleire bord og stolar i lokalet. Vi har treft så mange hyggelege eldre som ynskjer å jobbe hos oss, og nokre av dei har allereie sendt inn sine søknader på nett, seier HR-leiar Kristine Warp i ei pressemelding.
Kristiansand Dyrepark har hatt seniortilsette i staben i over 20 år.
– Vi trur at det er verdfullt for seniorar å ha sjansen til å vere ein del av eit fellesskap, og hos oss jobbar dei med tilsette i alle aldrar. Vi opplever at våre seniortilsette har eit veldig godt og sosialt arbeidsmiljø hos oss, seier Warp.