NRK Meny
Normal

Målkåt Jerv-spiss lovar scoringsjubel

Alexander Lind fekk ikkje fornya kontrakt med Start. No kan han sende gamleklubben ned til 1. divisjon som Jerv-spelar.

Storkampen mellom Jerv og Start nærmer seg. I Grimstad gleder to potensielle matchvinnere seg veldig til det som omtales som tidenes sørlandsderby.

Sjå reportasje frå torsdagens Jerv-trening på Levermyr stadion.

– Eg føler ikkje det er så mykje annleis enn å score mot andre lag, seier Lind til NRK.

– Så du kjem ikkje til å droppe jubelen om du scorar mot gamleklubben?

– Nei, det kjem eg ikkje til å klare, ler han.

Mange fotballspelarar droppar jubel om dei scorar mot gamleklubben sin. Det blir altså ikkje tilfelle for Lind om han puttar mot Start i kvalifiseringskampane laurdag eller onsdag.

FK Jerv-trening

Ohi Omoijuanfo på dagens Start-trening.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Tenker ikkje på hemn

Lind var Start-spelar førre sesong, men fekk få sjansar på A-laget til klubben.

– Eg har ikkje noko eg skal revansjere. Dei gav meg sjansen i 3. divisjon og det er eg takknemleg for. Eg tenker ikkje på noko hemn, seier han.

Lind fekk ein knallstart på sesongen for Jerv i 1. divisjon og scora mange mål.

I haustsesongen har det gått langt tråare, men i kvalifiseringskampen mot Kristiansund kom han endeleg på scoringslista igjen.

Lind vart den store helten og scora begge måla som sende Jerv til dei avgjerande kvalifiseringskampane mot Jerv.

Håpar på nye mål

– Eg håpar å halde fram den gode forma i dei to neste kampane, seier han.

Den tidlegare Start-spissen gler seg veldig til den første kvalifiseringskampen på Levermyr stadion laurdag.

– Det er heilt vilt. Det er veldig uvant kost for oss i Jerv i alle fall, men det er berre noko vi gler oss og ser fram til, seier han.