Hopp til innhold

Målfest i Start si generalprøve

Det vart sju mål i Start sin siste treningskamp før seriestart. Dei gule og svarte stod for fire av dei.

Steinar Pedersen

Start-trenar Steinar Pedersen har grunn til å vere optimistisk etter å ha slått Odd 4–3 i siste treningskamp før seriestart.

Foto: Johansen, Carina / NTB Scanpix

– Vi gjer ein veldig god kamp heile laget. Heilt frå keeper til spisplass. Vi viser at vi står godt, og det er moro, sa Espen Børufsen på Start si eiga direktesending etter kampen.

Start varta opp med målfest i generalprøven mot eliteserielaget Odd, og vann 4–3 på Skagerak Arena.

– Ser sjukt bra ut

Sørlendingane fekk ein pangstart på kampen, då Lars-Jørgen Salvesen klinka til frå 30 meter på frispark. Odd-keeper Sondre Rossbach var på ballen, men klarte ikkje å stoppe det knallharde skotet frå Start-spissen.

– Vi har gått gjennom heile oppkøyringa etter nyttår utan å tape. Vi slår ein av medaljefavorittane i eliteserien. Eg syns det ser sjukt bra ut, seier Salvesen.

Kvarteret seinare snudde Odd kampen i løpet av nokre få minutt. Først var det Fredrik Nordkvelle som utlikna. Tre minutt seinare la Olivier Occéan på til 2–1.

Men rett før pause dukka Salvesen opp igjen og utlikna til 2–2.

Og laga var ikkje ferdigscora etter dei første 45 minutta. To minutt etter kvilen sende Espen Børufsen gultrøyene opp i leiinga igjen. Men Odd svara raskt og utlikna til 3–3 få minutt seinare.

Optimistisk trenar

– Det er mykje gode prestasjonar og nydelege mål. Det er deilig å vinne. Vi møter eit godt lag. For oss er dette ei god stadfesting på det som skjedde i fjor haust og gjennom oppkøyringa i vinter. Vi scorar mykje mål og det gjer sjølvtillit, sa trenar Steinar Pedersen i Start si direktesending.

Ein halvtime før slutt kom Lasse Sigurdsen inn for Dennis Antwi. Spissen frå Flekkerøy trengde berre ti minutt på å finne nettmaskene, då han sende Start opp i 4-3, som også vart sluttresultatet.

Neste helg er det serieopning. Då tek Start imot Fredrikstad på heimebane klokka 15.00.

Start sine resultat i oppkøyringa:

  • Start – Vindbjart 3–1
  • Viking Start 1–1
  • Mjøndalen – Start 0–4
  • Start – Levanger 1–0
  • Start – Sandnes Ulf 5–1
  • Start – Jerv 3–1
  • Odd – Start 3–4

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %