Hopp til innhold

Gravde fram badestampen

Snøen skapar store utfordringar for mange. Andre kosar seg i snømengdene.

Badestamp i 2 meter snø

Vegar Magnussen (15) og Elisabeth Eikeland (15) nyt det varme vatnet midt i vinterland.

Foto: Privat

Etter timar med brøyting kunne Tom Magnussen og familien ta ein vel fortjent pust i badestampen. Omkransa av to meter snø!

– Vi har det utruleg koseleg oppi der. Det er spesielt å sitte i ein badestamp med to meter snø rundt, seier Magnussen til NRK.

Han og familien kom til hytta på Hovdeseter på Hovden fredag kveld. Men vegen inn til hytta vart ein kamp mot snøen.

– Det vart mykje kolonnekøyring og måking. Fredagstacoen vart forseinka. Klokka halv eitt på natta kunne vi setje oss ned etter å ha brøyta oss fram, seier han.

Det var Fædrelandsvennen som først skreiv om familien i badestampen.

Måkar hyttetak

My snø på taket

Mange har reist til fjells for å måke hyttetak.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK
Kolonnekjøring RV9 Hovden

Det har vore kolonnekøyring mange stader den siste tida.

Foto: Håkon Eliassen / NRK

Før helga vart hytteeigarar råda til å reise til fjellheimen for å måke hyttetaka. På mange hyttetak ligg det over to meter snø. Ifølgje Magnussen har mange teke råda på alvor.

– Det vrimlar av folk på hyttetaka her. Snøen er veldig skeivt fordelt. På den eine sida kan det vere 20 centimeter, medan det kan vere over to meter på den andre sida, seier han.

Laurdag var det igjen ut for å måke for familien Magnusen. Då fekk dei også greve fram badestampen. Etter ei god måkeøkt kunne dei endeleg slappe av i det 40 grader varme vatnet.

– Eg må innrømme at eg var litt bekymra for om badestampen hadde tålt snømengdene. Men det gjekk bra. Vi kunne berre ta av loket og setje oss nedi, seier Magnussen.

– Må opplevast

Ikkje langt unna hytta til sørlendingen vart tre hytter evakuert på grunn av fare for snøras laurdag. To hytter skal ha blitt påført skader etter snøras natt til laurdag.

Rasfaren er stor mange stader, og skianlegg fleire stader i landet bekymrar seg for at skikøyrarar tek seg inn i farlege område.

Magnussen seier at det er spesielt å vere på fjellet med så mykje snø.

– Slikt som dette må berre opplevast. Vi kan ikkje berre sitte heime når det er slik. Vi må ut og oppleve, seier han.

Søndag morgon vakna familien til strålande sol og skyfri himmel. Planen er ein tur i skibakken før dei avsluttar hytteturen med ein tur i badestampen.

– Det er fantastiske forhold. Dette blir ein super dag, seier han.

Nedsnødd Bjåen

Slik ser eit tak på Bjåen i Setesdal ut.

Foto: Ragnhild Bjåen

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %