Dyr straum, stadig nye prisrekordar og energikrise i Europa er overskrifter ein har sett mykje dei siste åra.
Men i mai har det sett annleis ut.
Då har det faktisk vore rekordlåg straumpris.
– På det lågaste var vi nede på minus 12 kilowattimen i pinsa. Det er første gong og ny rekord, seier journalist Magnus Lingjærde.
Han jobbar i nettavisa Europower og har også tidlegare jobba for Entelios, som leverer straum til næringslivet.
– Det er fleire grunnar for at prisen er lågare, seier Lingjærde.
Journalist Magnus Lingjærde skriv for Europower, som driv med nyheitsdekning av kraft- og energibransjen.
Foto: Geir Anders Rybakken Ørslien / EnteliosVind i Nederland har hjelpt
Ifølgje Lingjærde har prisane i Europa falle noko, men det er berre delar av forklaringa for at du kan ha på varmekablar med godt samvit.
– Snøsmelting og flaumen har gjort at det har vore høg produksjon i kraftverka.
Gjennom heile mai har straumprisen falle i heile landet. På Sørlandet har det vore det lågaste sidan august 2021. Engrosprisen på straumen, altså det han kostar på straumbørsen, hamna på 80 øre i mai, ifølgje Lingjærde.
For forbrukarane kjem det moms, skattar, nettleige og eventuelt straumstøtte i tillegg.
Men også vêrforholda i Nederland har gjort at straumrekninga di har vorte lågare.
For der har solcellene deira og vindmøller produsert meir straum enn forbruket tilseier.
– I pinsa vart det ein overproduksjon av fornybare kjelder i Europa, og det gjer at prisane blir veldig billige.
I tillegg har straumforbruket vore lågt.
– Det er nok litt unntaksvis det som har skjedd i pinsa.
Europa har dei siste åra hatt ei enorm utvikling av produksjon av fornybar energi.
Valutakursen speler inn på prisen
Den norske valutaen har gjennom våren stupt meir og meir.
Onsdag formiddag kostar ein dollar 11,24 norske kroner. Euroen ligg på 12,01 kroner.
– Kronekursen speler inn ein god del når det er snakk om straumprisar. Hadde prisen på ein euro vore 20 prosent lågare, hadde vi hamna under straumstøttenivå i Sør-Noreg for mai.
Altså, straumprisen kunne falle meir dersom den norske kronekursen hadde halde seg.
Mykje pengar sparte for staten
Det at straumprisane har vore låge i mai betyr ikkje berre at du som enkeltperson sparer pengar, det gjer også staten.
I Midt-Noreg og i Nord-Noreg har det den siste månaden ikkje vorte utbetalt noko straumstøtte frå staten, rett og slett fordi straumen var rimelegare enn grensa for straumstøtte.
For Kristiansand var gjennomsnittsprisen på 81 øre per kWh, med ei straumstøtte på 11 øre for KWH, opplyser NVE.