Hopp til innhold

Må vente eitt år på fedmeoperasjon

Pågangen er så stor når det gjeld fedmeoperasjonar ved sjukehuset i Arendal at folk no må vente i eitt år på operasjon.

Camillas slankeoperasjon Riga

Det er lang venteliste for fedmeoperasjon ved sjukehuset i Arendal. (Illustrasjonsfoto)

Foto: Philipa Zizicca Tordrup - ABCkirurgi CAREforLIFE

– Frå ein blir henvist til kirurgi tek det rundt eitt års tid før pasienten blir operert. Den køen vil nok bli lengre etter kvart, seier kirurg Atle Bernstein til NRK.

Sidan sjukehuset i Arendal starta opp med fedmeoperasjonar i april i fjor har kring 180 pasientar blitt fedmeoperert.

Kan utvide kapasiteten

– Vi ventar at behovet i Agder-området er rundt 200–250 pasientar per år. Førebels opererer vi rundt 140–160 i året, men vi kan utvide kapasiteten, seier han.

Det er fleire kriterium som må oppfyllast for at du skal kunne få ein fedmeoperasjon. Du må mellom anna ha over 40 i BMI. Dersom du har følgjesjukedommar som til dømes diabetes og høgt blodtrykk, kan du få operasjon ved ein BMI på 35.

– Dei som vert operert har ofte prøvd det meste før dei kjem til oss. Dei er også gjennom eit omfattande opplegg i førebuing til operasjon, seier Brenstein.

– Det som er det viktige i ein samfunnsmessig samanheng er at personane går ned i vekt og du betrar følgjesjukdommane. Dermed blir folk friskare og dødlegheita ved fedme går ned, seier han.

Ventetid opp mot fire år

Personar med over 50 i BMI må ut av Agder-fylka for å operere. For denne pasientgruppa er ventetida langt lengre.

– I Tønsberg opererer dei folk frå Agder med over 50 i BMI. Der er ventetida opp mot tre-fire år, seier han.

Kirurgen fortel at dei stadig opplever ei auke i talet på personar som vender seg til sjukehuset når det gjeld fedme.

– Personar som søkjer seg til utgreiingsopplegget i Kristiansand er aukande. Men det er ikkje alle som vert sende vidare til kirurgi. Nokre får andre typar oppfølging, seier Bernstein.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %