NRK Meny
Normal

Må vente eitt år på augeoperasjon

825 pasientar står i kø for augeoperasjonar på Sørlandet sykehus i Arendal.
Mangel på overlegar og stor pågang av eldre fører til ventetid på eitt år.

Øyeoperasjon illustrasjonsbilde

Fleire hundre pasientar står i kø for augeoperasjonar på Sørlandet sykehus i Arendal. Etter sommarferien skal forhåpentlegvis ventetida bli kortare.

Foto: Colourbox

Den lange ventetida er beklageleg, seier klinikkdirektør Berit Grønning Nilsen ved Sørlandet sykehus i Arendal.

– Vi ønskjer ikkje å ha så lange ventetider, og eg er veldig glad for at vi no ser at det blir ei lysning til hausten der vi får fleire på plass.

Men ein redusert livskvalitet er ein overhengande fare?

– Alle som ventar lenge på ei medisinsk behandling vil oppleve at det ikkje er ein god situasjon å vere i, så det er vel kanskje riktig å beskrive det slik, seier Grønning Nilsen.

Mangel på overlegar

I tillegg til 825 pasientar i eitt års kø for operasjon, står 615 personar i kø for auge-poliklinisk behandling. Dei må vente i fire månader på behandling, ifølgje klinikkdirektøren.

– Det er ein kombinasjon av stor pågang på pasientar, og at vi lokalt har mangla nokre overlegar til å ta imot desse pasientane.

Tre nye augeoverlegar byrjar etter sommarferien. Forhåpentlegvis vil ventetida då kuttast kraftig.

– Frå sommaren av og over sommaren vil vi få besett dei åtte stillingane vi har i utgangspunktet, og vi har ei utlysing ute på ytterlegare ei stilling. Difor reknar vi med at ventetidene vil gå nedover.

Sørlandet sykehus Arendal

Sørlandet sykehus Arendal.

Foto: Morten Rosenvinge / NRK

Ingen avviksmeldingar hittil

Grønning Nilsen seier sjukehusa tapar i konkurransen om augelegar til private føretak.

– Det er nok ein situasjon som ikkje berre gjeld for Sørlandet sjukehus, men også nasjonalt sidan vi har ein konkurranse i det private med spesialistar som har sin eigen praksis.

Klinikkdirektøren ved Sørlandet sjukehus i Arendal seier det kan vere like lange ventelister hos privatpraktiserande augelegar som det er på sjukehuset.

– Så eg trur ikkje det er eit alternativ. Og for nokre tilstandar så må dei til sjukehus då det er vi som kan behandle enkelte tilstandar som dei privatpraktiserande ikkje har anledning til å handtere.

Hittil har Sørlandet sykehus ikkje fått nokre avviksmeldinger på grunn av den lange ventetida

– Eg er veldig glad for at vi får styrka bemanning og kjem ned på ventetider slik at vi ikkje skal oppleve at det skjer hendingar som skuldast at folk må vente for lenge på til dømes ein kontroll eller behandling.