Hopp til innhold

Må øve – har ikkje krav på erstatning

Brann- og ambulansearbeidarar har ikkje rett på erstatning dersom dei får varige skadar under øving.

Brannvesen, politiet og ambulansepersonell på øvelse i Flekkefjord.

Berre politiet får erstatning dersom dei blir skadde på øving. Her frå ei redningsøving i Flekkefjord.

Foto: Anna Rut Tørresen / NRK

Berre politiet får erstatning dersom dei blir skadde på øving. Her frå ei redningsøving i Flekkefjord.

Foto: Anna Rut Tørresen / NRK

I Flekkefjord måtte dei denne veka øve på utrykking, evakuering og sikkerheit.

Men motsetning til politiet er ikkje brann- og ambulansearbeidarar sikra erstatning dersom dei får varige skadar under øving.

– Det er veldig dumt at det er sånn. Eg veit ikkje kvifor. Men det burde vere likt for alle. Det seier Gina Camilla Hauge.

Ho er lærling i ambulansen. Hauge og fleire andre deltok på øvinga i Flekkefjord.

Der simulerte dei to bilar som hadde vore i ei ulykke. Alle redningsinstansane var involverte i øvinga.

Les også Kommunen pålegg eigar å sikre drivhus

Ødelagt drivhus

Har forsikring

Sjølv om brann- og ambulansepersonell har forsikring gjennom jobb, sikrar altså ikkje lova dei erstatning ved skade under trening.

Ola Yttre er leiar av Ambulanseforbundet Delta. Han fortel at på øvingar så er dei ofte i bratt terreng. Eller at dei må fire ned ein pasient.

– Får du ein skade mens du øver på dette, får du ikkje dekt han gjennom lovverket i Noreg, seier Yttre.

Leder for Ambulanseforbundet Ola Yttre.

Ola Yttre i Ambulanseforbundet bekreftar at dei ikkje er forsikra på øvingar.

Foto: Geir Olav Slåen

Jobbar med saka

Regjeringa er klar over problemet og seier det blir jobba med fleire endringar på dette feltet.

– Det er ei stor og komplisert oppgåve. Målet er veldig klart. Det skal vere eit enkelt system og regelverk. Vi ser at det no har fleire svakheiter, seier Bjørn Skjæran, arbeidspolitisk talsperson frå Ap.

Bjørn Skjæran i Arbeiderpartiet

Jobbar med saka. Det seier arbeidspolitisk talsmann i Arbeidarpartiet, Bjørn Skjæran.

Foto: NRK

Det er jobba lenge med denne problemstillinga. Men Delta meiner det går for treigt.

Dei fortel at dei synest det er spesielt fordi dei har eit godt samarbeid med arbeidsgivarsida og andre organisasjonar.

– Alle vil det same. Det seier også politikarar. Dessverre ser det ut til at det går veldig tregt og det har til tider stoppa opp, seier Trond Busterud, leier brannforbundet Delta.

Les også Får kraftig kritikk fra Arbeids­tilsynet - straffes med gebyr på 400.000 kroner

Lyngdal rådhus

Siste nytt fra NRK Sørlandet

Eiendom med fire hytter i Søgne.

Kystperle til 14 millioner glapp for turistforeningen

Fulle søppeldunkar i Grimstad

Klarer ikkje ta unna søppelet: – Folk må gidde å gå litt

Forsvaret bekrefter at det de fant tidligere i dag ikke er eksplosiver.

Forsvaret mistenkt gjenstand: – Ikkje eksplosiv

E-18 forbi Bamble handelspark

Kjemper om E18-kundene med stadig større handelsparker – forsker mener bysentrum blør

null
Spiller nå
Høydeskrekk i Fjæreheia 01:33
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 06 0,96 kr
Dyrest kl. 00 1,03 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 4,1 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,5 kr En vask
  • Varmeovn 1 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Jun 2023 – jun 2024
    + 4,9 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,2 %