NRK Meny
Normal

Mann truga med å «maltraktere» kommunetilsett

Ein 51 år gammal mann må møte i retten tiltalt for trugslar mot ein tilsett i Tvedestrand kommune.

Hendinga skjedde i mai i år i samband med planleggjing av eit hyttefelt i kommunen.

Det var då mannen kom med trugslar mot ein person i kommunen.

51-åringen sa at han skulle utstyre seg meg finlandshette og balltre og at han skulle «maltraktere» denne personen. Tiltalte sa også at han var «villeg til å ta 10-15 år i fengsel».

Rettssaka mot mannen startar i Aust-Agder tingrett måndag.