Hopp til innhold

Må kutte ruter etter ein månad

Reiseselskapet Flynonstop kuttar rutene til Paris og Berlin berre ein månad etter at selskapet starta opp. Selskapet kuttar også måndagsruta til Parma.

Flynonstop

Flynonstop-personell på opningsdagen 25. april. Allereie no må selskapet kutte fleire ruter.

Foto: Hans Erik Weiby / NRK

– Vi skulle helst ha unngått dette, men tilpasningar må gjerast. Storby er tydelegvis ingenting å satse på sommartid. Passasjerane vil til Middelhavet. Det må vi ta konsekvensen av, seier eigar Espen Hennig-Olsen til Fædrelandsvennen.

hennig olsen

Espen Hennig-Olsen er framleis optimistisk trass i at selskapet må kutte ruter allereie etter ein månad.

Foto: Aud Kathrine Danielsen / NRK

Dersom selskapet hadde halde fram med bortimot tomme fly til dei to byane, hadde selskapet tapt rundt 1,3 millionar kroner berre i sommar.

Pengane renn ut

– Det er riktig å agere no, framfor å sjå pengane renne ut, seier han.

Hennig-Olsen påpeikar at rutene til Paris og Berlin er tilbake igjen allereie til hausten.

Ifølgje avisa vert ruta til Berlin kutta 3. juni, medan Paris-ruta vert kutta 6. juni. Måndagsruta til Parma vert kutta frå 10. juni.

Hennig-Olsen understrekar at alle passasjerane, som har kjøpt billett til destinasjonane, får tilbod om pengane tilbake. Eller dei kan booke om til kva som helst av dei andre destinasjonane til selskapet.

Må ha 60 for å gå i pluss

Trass i kutt allereie etter ein månad er Hennig-Olsen optimistisk.

– Alle som flyr med oss, skryt. Men vi har for få passasjerar. Storby-rutene til Berlin og Paris var nede i ein kabinfaktor på 15 til 20. Vi kan ikkje halde fram med 10 og 15 passasjerar i snitt i flysom har plass til 100, seier han.

Hennig-Olsen har tidlegare sagt til NRK at reiseselskapet må ha over 60 passasjerar for å gå i pluss.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %