NRK Meny
Normal

Må i fengsel etter klokkeran

To menn frå Romerike er dømde til fengsel i 15 og 18 månader etter at dei stal klokker frå Urmaker Askeland i Kristiansand.

Ranere Askeland Ur & Smykker

RAN: To menn frå Austlandet er dømde for ran av Askeland Ur. (Arkivfoto)

Foto: Overvåkningskamera

Tjuveriet skjedde medan to tilsette var på jobb på føremiddagen 16. februar i fjor. Tjuvane fekk med seg klokker for 1,3 millionar kroner.

Var målbevisste

Dei tilsette forklarte i retten at tjuvane var særs målbevisste på kva varer dei ville ha med seg. Dei to gjekk etter dei dyraste klokkene. På utsida stod ein ventande fluktbil. Denne vart seinare funne i nærleiken av Kristiansand sentrum.

Ransmennene nekta for å ha noko med klokketjuveriet å gjere. Men ein av dei vart fanga opp av eit overvakingskamera på jernbanestasjonen i Kristiansand, skriv fvn.no.

Registrerte telefonsamtale

I tillegg er der registrert ein telefonsamtale frå ein av dei domfelte frå Grim like etter ranet. Han ringde ein person på Romerike, som er sentral i eit kriminelt miljø. Han vert rekna for å vere oppdragsgjevaren.

– Dei framstår som oppkonstruerte og forsøkt tilpassa bevisa, heiter det i dommen, ifølgje avisa.

Dei må også betale 774 000 kroner erstatning til Askeland sitt forsikringsselskap.