Hopp til innhold

Må hente arbeidskraft frå utlandet

Stadig fleire arbeidsgjevarar på Sørlandet må sjå ut over landegrensene etter kvalifiserte søkjarar til jobbar.

Pål Sørvang Winter og Hallgeir Johansen

UTANLANDS: Hotellsjef ved Rica Hotell i Kristiansand, Pål Sørvang Winter, må sjå til utlandet for å få inn kvalifisert arbeidskraft. Til høgre ser du Hallgeir Johansen frå NAV.

Foto: Svein Johnsen/NRK

– Årsaka er nok i hovudsak at vi har relativt låg arbeidsløyse i Noreg. Mange arbeidsgjevarar slit med å finne kvalifisert arbeidskraft, seier rådgjevar i NAV Vest-Agder, Hallgeir Johansen til NRK.no.

Akkurat no bistår han Rica Hotell i Kristiansand Dyrepark med å finne ny kjøkensjef.

Komplisert prosess

– Det er ein konsekvens av at det er å finne kjøkensjefar og kokkar er vanskeleg i Noreg. Det er ei mangelvare, men rekruteringsprosessen vert meir komplisert, seier hotelldirektør Pål Sørvang Winter.

Hotelldirektøren peikar på fleire utfordringar knytt til tilsettjing av utlendingar.

– Språkbarriera vil sjølvsagt alltid vere der. Det kan vere vanskeleg å få oversikt over CVen deira. Mange av dei har veldig korte arbeidsforhold. Ein har ein jobb for å finne ut validiteten i CVen og om desse arbeidsforholda har relevans. Så er det sjølvsagt kulturskilnader, seier han.

– Er det vanskeleg å lære ein franske eller spansk kokk å lage norske julebord?

– Det har eg ingen erfaring med, men det er klart at julebord er noko veldig norsk. Alt kan lærast og skolerast. Eg har ei romantisk førestilling om at ein kan få inn ein utanlandsk kjøkensjef som kan løfte kjøkenet vårt med det dei har av kultur og det trur eg kan vere bra, seier Winter.

Nøgde arbeidsgjevarar

Ifølgje NAV er dei aller fleste nøgde med arbeidarane som kjem frå utlandet.

– Ifølgje vår eiga undersøkjing seier 94 prosent av arbeidsgjevarane at dei er særs nøgde med arbeidstakarar frå EØS-land, seier Hallgeir Johansen i NAV Vest-Agder.

– Den mest nytta nasjonen er Polen, tett fulgt av Sverige og Tyskland, seier Johansen.

25 prosent av bedriftene i Vest-Agder har no tilsette frå andre europeiske land.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %