Lunde og Reistad sende Vipers til finale i meisterligaen

Vipers Kristiansand er klar for sin første finale i meisterligaen i handball. Stjerneskotet Henny Reistad hamra ballar i mål nærast på bestilling.

8BAmaRaCESE

Vipers-spelarane jublar for finale i årets meisterliga.

Foto: ATTILA KISBENEDEK / AFP

– Det er ein draum. Vi har teke steg kvar sesong. Dette er klubben eg har vore lengst i. Det er ein draum å klare dette med Vipers, seier Vipers-spelar Marta Tomac.

– Eg trur vi kan ta det i morgon. Men vi må vere på frå start, seier Vipers-spelar Marta Tomac.

22-åringen hadde prikka inn storformen før semifinalen mot russiske CSKA Moskva. Reistad hamra ballen i mål og laga trøbbel for russarane gjennom heile kampen.

EIilVwG4_HA

Marta Tomac leverte ein god kamp mot CSKA Moskva i semifinalen.

Foto: ATTILA KISBENEDEK / AFP

– Verdsstjerne

Vipers vann 33-30 og er klar for sin første finale i meisterligaen. Ti av måla var det Reistad som stod for.

– Ho er ein einar. Ho har teke enorme steg denne sesongen. Ho nærmar seg verkeleg å bli ei verdsstjerne, om ho ikkje allereie er det. Det er gøy å spele på lag med ho, seier Tomac.

Mykje tyda på at Vipers skulle få ein enkel veg til finalen, då dei leia 18-12 til pause. Tidleg i andre omgang leia dei med åtte mål.

– Det er utruleg deilig. Eg føler vi har nokolunde kontroll. Men det blir litt tett i andre omgang, seier Vipers-trenar Ole Gustav Gjekstad til Viasat.

Sjå intervju med Vipers-profilen Marta Tomac etter sigeren i semifinalen mot russiske CSKA Moskva.

Rota det til

Men midtvegs i omgangen skar det seg for Vipers. Tekniske feil, rot og bom gjorde at russarane på kort tid berre var tre mål bak.

Men det var det næraste dei kom.

Då Reistad scora 32-27 tre minut før slutt var det gjort. Russarane klarte ikkje å hente seg inn igjen.

– Vi gjer ein jobb for kvarandre. Vi spelar kollektivt. Dei som kjem inn gjer ein verkeleg god jobb. mange spelarar står fram i dag. Det er utruleg gøy å spele når det er slik. Eg føler vi hadde kontroll, men ein torer ikkje tru på det før det er over, seier Tomac.

Siste kamp i Vipers

Dette var Reistad sin nest siste kamp i Vipers-drakta. Neste sesong spelar ho i danske Esbjerg.

Vipers møter franske Brest i meisterligafinalen søndag.

For to år sidan tapte Vipers semifinalen mot Györ. Då vann dei bronsefinalen mot franske Metz.

Sist gang ein norsk klubb vann meisterligaen var i 2011, då Larvik gjekk til topps.

Larvik spelte finale også i 2015 og 2013. Då vart det tap.

b6b1kpEeZqU

Henny Reistad jublar for ei av sine mange scoringar.

Foto: ATTILA KISBENEDEK / AFP