NRK Meny
Normal

Lund Hansen ferdig i Start

Keeper Alexander Lund Hansen har skrive under ei kontrakt med Rosenborg.

Alexander Lund Hansen

KLUBBYTE: Alexander Lund Hansen går frå Start til Rosenborg.

Foto: Schrøder, Tor Erik / Scanpix

– Alexander har hatt ein klausul i kontrakta som har gitt han moglegheita til å returnere til Rosenborg. Denne vel han no å nytte seg av, seier dagleg leiar i Start, Magne Kristiansen til ikstart.no.

Samstundes har Start sikra seg ein ny keeper. Arild Østbø frå Viking går til sørlendingane på lån og blir ut sesongen.

– Vi er særs godt nøgde med å få på plass denne løysinga. Østbø er ein dyktig keeper som vil bidra for oss på vegen tilbake til eliteserien, seier Kristiansen.

Østbø er 21 år gammal og spelar på det norske U21-landslaget. Han er teken ut i troppen som skal møte Austerrike i Mandal 14. august.

Alexander Lund Hansen vil spele for Start i måndagens kamp mot Ullensaker/Kisa.