Hopp til innhold

LOS inngjekk stor straumavtale

Straumleverandøren LOS har skrive ei kontrakt verd 120 millionar kroner med Hedmark og Oppland fylkeskommunar.

LOS (Illustrasjon)

STORKONTRAKT: Straumleverandøren LOS jublar for storkontrakt.

Foto: Kari Løberg Skår/NRK

– Det betyr i all hovudsak at vi forsterkar vår posisjon i Norge, som den største straumleverandøren i næringsmarknaden. Det er vi veldig stolte av, seier administrerande direktør Geir Tønnesland til NRK.no.

170 GWh

Avtala inneber leveranse av eit årleg straumforbruk på 170 gigawattimar (GWh) fordelt på i underkant 1200 anlegg.

Storleiken tilsvarar straumforbruk til cirka 11 000 norske hushaldningar med eit årleg snittforbruk på 16 000 kWh.

Avtala gjeld for dei to neste åra og er på over 60 millionar kroner årleg, med moglegheit for å forlengje avtala med to år.

– Det var seks gode tilbydarar med i denne prosessen, og dei vart vurdert på ei rekkje krav. Sjølve konkurransen vart avgjort på lågast pris, seier Øystein Sætrang som er innkjøpsleiar i Hedmark fylkeskommune.

Skreiv storavtale

– I tillegg til at LOS hadde gunstig pris, kan vi dra veksel på LOS sitt kraftforvaltningsmiljø og rapporteringsverkty, seier han.

Dette er den andre store kontrakten LOS inngår på kort tid. I oktober skreiv straumselskapet nemleg kontrakt med 23 kommunar på Agder om å levere straum.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Feiret Eid med bønn og kake i Kristiansand 01:53
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,52 kr
Dyrest kl. 07 2,82 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %