Hopp til innhold

Lokkemann skapar frykt blant elevar

Foreldre og elevar i Vågsbygd i Kristiansand vert no åtvara mot ein person som prøver å lokke skulebarn inn i ein kvit varebil.

Lokkemann-brev

Sjøstrand skole i Kristiansand har sendt ut eit brev til foreldre der dei åtvarar mot ein mann som forsøker å lokke barn inn i ein kvit varebil.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Det skapar utryggleik blant både vaksne og ikkje minst barn. Elevane skal ha det trygt til og frå skulen, seier rektor ved Sjøstrand skole, Øystein Olsen Mosfjeld til NRK.no.

– Eg håpar at vedkommande som gjer dette melder seg for politiet og kjem med ei forklaring slik at vi får avklara om dette er ei misforståing, eller om det er reelt, seier han.

Det var Fædrelandsvennen som først skreiv om lokkemannen.

Det var i førre veke at ein mann i ein kvit bil prøvde å få med seg ein gut inn i ein kvit varebil. Mannen hevda at han visste kvar guten budde og han ville køyre han heim.

Politiet patruljerer skoleveien til barn i bydelen Vågsbygd i Kristiansand. Fredag ble barn prøvd lokket inn i en bil.

SE VIDEO: Politiet leter etter lokkemann ved skole.

Sende brev til foreldra

– Guten hadde aldri sett mannen før og gjorde heilt rett då han sprang heim og melde ifrå til foreldra sine, seier rektoren.

Måndag denne veka sende skulen ut eit skriv til alle foreldre. Også andre skular i Kristiansand er varsla om mannen. Også i desember opplevde skulen ei liknande hending. Også då valde rektoren å åtvare foreldra.

– Får vi slike hendingar trur eg på elevane og gjer berre jobben min med tanke på at elevane skal ha det trygt på skulevegen, seier Olsen Mosfjeld.

– I brevet ber vi foreldra om å prate med barna sine og at dei må ta forholdsreglar, seier han.

– Skal ikkje gå aleine

Lærarane ved skulen har også bede elevane om ikkje å gå aleine til eller frå skulen.

– Vi poengterer at dei skal gå saman med andre. Dei skal ikkje takke ja til tilbod frå frammande menneske på veg heim frå skulen. Så må foreldra ta sin del heime, seier rektoren.

Politiet har no sett i gang etterforsking etter episoden førre fredag.

– Vi fekk melding frå rektoren ved skulen som fortalde at det var ein kvit varebil. Mannen sa til guten at han visste kvar han budde. Guten sa nei, og sprang frå staden, seier operasjonsleiar ved Agder politidistrikt, Gunn Lieng.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %