– Dei siste timane har vi konsentrert oss om personen som har er hardt skada. Det føreligg ikkje nokon nye opplsningar der, seier administrerende direktør ved Xstrata, Øivind Stenstad til NRK.no.
- LES OGSÅ: Flere personer skadd i eksplosjon
Men Ullevål Unviversitetssykehus opplyser at tilstanden er livstrugande. Mannen vart floge med helikopter frå Kristiansand i ettermiddag. NRK.no kjenner til at mannen har pådrege seg hovudskader i eksplosjonen.
Gasstilførsel
Politiet har no jobba med å finne ut kva som var årsaka til eksplosjonen.
– Mykje tyder på at eksplosjonen har oppstått i gasstilførselen til ein av ovnane våre. Kjerneårsaka og kvifor dette har skjedd er framleis uklart. Det vil no bli jobba med vidare utover kvelden og natta, seier han.
I tillegg til den hardt skadde 18-åringen vart to andre påført lettare skader. Ingen av dei tre jobbar fast ved Xstrata Nikkelverk. NRK.no kjenner til at ein av dei jobbar i eit elektrikarfirma i Kristiansand. Firmaet vil ikkje kommentere saka.
Nikkelproduksjonen er no teke ned på eit minimum, og det er uklart når produksjonen vil vere tilbake på normalt nivå. Bedrifta opplyser til NRK.no at det ikkje vil bli aktuelt med permitteringar.
VIDEO: Sjå reportasje frå eksplosjonen.
Etterforskar eksplosjonen
Det er også uklart når produksjonen i hallen der eksplosjonen skjedde vil vere i gang att.
– Området er no sikra av oss og undersøkjingar har pågått med brannetterforsking frå politiet. Området vil truleg bli avsperra og sikra inntil i morgon. Då vil ein truleg kunne starte oppryddingsarbeid, seier Stenstad.
Berre to minutt etter eksplosjonsalarmen gjekk var redningsmannskap bedrifta på plass. Xstrata Nikkelverk har sjølv 60 utdanna personar som skal takle krisesituasjonar.
– Når alarmen går får desse personane melding på mobiltelefonen sin. Deretter er rykkjer dei raskt ut til staden. Desse er profesjonell, trente og utdanna folk, seier hovudverneombod, Roy Knudsen.
– Profesjonelle
Roy Knudsen
Foto: Johanne Tunaal-Larsen/NRKTre minutt etter at alarmen hadde gått var dei første brannbilane på plass. Knudsen at redningsmannskapa, både internt og frå brannvesenet, har gjort jobben sin.
– Dei har oppført seg profesjonelt. Alt har gått etter planen. Det har vore eit godt samarbeid med brannvesenet. Alt har vore optimalt, seier han.
Han har allereie vore i samtalar med kolleger. Også i morgon vil eksplosjonen vere tema.
– Det har vore ei briefing om hendinga. Vi har snakka saman, og vi vil jobbe vidare med dette i morgon. Er det noko som har spørsmål, er det berre å ringje, seier han.