– Det første eg tenkte av herregud, er det verkeleg sant. Eg var jo ikkje nøgd i det heile med smykket mitt. Det var heilt fantastisk, seier Engdal til NRK.no.
– Eg vart igrunn veldig sjokka. Det var heilt fantastisk, seier ho.
No skal ho konkurrere med dei tre beste frå NM om å få vere med i VM i London i oktober.
For skulen betyr det mykje å få ein noregsmeister.
– Det er heilt fantastisk fordi det er første gang vi opplever dette. Det er med på å stadfeste at vi har ein kvalitetsskule her i Valle, seier avdelingsleiar Ann Christin Jacob.
– Det betyr mykje for oss fordi vi er ein skule som er avhengig av gode søkjartal. Vi er ei lita avdeling. Så med dette håpar vi på at endå fleire vil søkje, seier ho.