Levermyr stadion utselt på 40 minutt

1800 billettar er selt til kvalifiseringskampen mellom Start og Jerv på Levermyr stadion i Grimstad.

Billettsalg på Levermyr

Det var lang kø då Jerv la ut billettar til kvalifiseringskampen mot Jerv for sal.

Foto: Olav Udjus Hansen

Måndag kollapsa billettsystemet på nettsida til Grimstad-klubben. Dermed bestemte klubben at det berre skulle seljast billettar på stadion tysdag ettermiddag.

Per Gunnar Topland

Per Gunnar Topland er styreleiar i FK Jerv.

Foto: Hans Erik Weiby/NRK

Køen var lang tidleg på ettermiddagen. Alle billettane var borte berre 40 minutt etter at salet vart opna.

Men det kan likevel vere ein liten sjanse til å sikre seg ein billett til den første av to kvalifiseringskampar.

– Torsdag kjem vi til å legge ut sesongkort som ikkje her henta. Vi veit ikkje kor mange dette blir, men det kan vere ei lita moglegheit, seier styreleiar i Jerv, Per Gunnar Topland til NRK.

1. divisjonsklubben har berre lov til å ta inn 1800 tilskodarar.

– Vi har jobba for å få inn fleire tilskodarar, men får ikkje lov. Det forstår vi. Vi har reglar vi må halde oss til, seier Topland.

Start har fått 200 billettar til oppgjeret i Grimstad.

Tysdag ettermiddag var det selt kring 6500 billettar til returkampen mellom Start og Jerv på Sør Arena.

Full tribune Levermyr

Det blir fulle tribunar på Levermyr stadion laurdag.

Foto: Liv Eva Welhaven Løchen / NRK