Hopp til innhold

Lettare å jukse på eksamen

Studentane ved Universitetet i Agder opplever mindre kontroll av juks i samband med eksamen.

Eksamen

Illustrasjonsfoto.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

– Samanlikna med kontrollen vi hadde i november er det blitt mykje mindre skjerpa no. Vi merkar at eksamensvaktene ikkje er like frampå for å sjekke alt, slik som dei var før. No får vi berre generelle beskjedar om at jakkene skal vekk, seier student Tor Håkon Solheim til NRK Sørlandet.

Innførte strenge kontrollar

I november i fjor melde NRK Sørlandet at Universitetet i Agder innførte strenge tiltak for å oppdage eksamensjuks. Klede måtte vrengast og dører til toalett kunne ikkje lukkast i pausane. Trass i at studentar opplevar dårlegare kontroll ved eksamen i vår, er ikkje det tilfelle ifølgje leiinga ved universitetet.

– Vårt hovudpoeng er at vi ikkje skal vere forutsigbare i dei tiltaka vi set inn. Vi har absolutt ikkje slutta med å setje i verk tiltak, seier leiar ved studentservice, Marianne Ørn Johannessen.

Avviser kritikken

– Vi har ei verktykasse å plukke av som vi ynskjer å variere, slik at det ikkje skal vere så klart kva vi set i verk- Vi er jo synlege i forhold til at vaktene er med på toalettet. Dei gjer også jamnlege sjekkar bak toalett, i søppeldunkar og diverse. Vi oppdagar det jamnleg, sjølv om ikkje vi ber alle studentane vrenge lommer dette semesteret, seier ho.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,05 kr
Dyrest kl. 21 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,1 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %