NRK Meny
Normal

Letta etter Start-opprykk

Start sikra opprykk til eliteserien etter 1-0 sigeren mot Sandefjord på Sør Arena.

– Det kjennest godt. Det har vore eit visst press på Start i år. Det er ingen tvil om at vi er veldig tilfreds med å bryte ei ny barriere og rykkje opp, seier trenar Mons Ivar Mjelde til NRK.no.

Mjelde kunne sleppe jubelen laus etter 90 nervøse minutt på Sør Arena søndag ettermiddag. Etter ein lang sesong med mykje fokus på ein utfordrande økonomi var det ein ekstra letta trenar som møtte pressa etter at opprykket var spikra.

– Ein ny start

– Det var dette vi planla. Alt vi har jobba med sidan januar har vore med ein ting for auget, og det var å rykkje opp. Vi har stått av alle skjær i sjøen. Det har vore skader, økonomi og spelarar som har forlete oss midt i sesongen, seier han.

– Dette fortjener gutane og det er ein ny start for Start, seier Mjelde.

Det var Espen Hoff som senka Sandefjord med si scoring 20 minutt ut i kampen søndag ettermiddag.

– Det har vore ei tung tid i 1. divisjon. Vi er utruleg glade for å vere ferdige der no, seier Hoff til NRK.no.

Var ikkje sikker på opprykk

– Eg var ikkje sikker på opprykk før sesongen i det heile. Det var mykje utanomsportsleg. Mange spelarar forsvann, ikkje like mange kom inn. Men vi har komme styrka ut av dette som gruppe, og det er eg veldig stolt av, seier han.

Angrepsspelaren meiner at folk ikkje kunne forvente opprykk før sesongstart.

– Med tanke på alt som har skjedd. Greit, vi har eit høgt budsjett i forhold til dei andre laga, men vi går gjennom store omveltingar og vi har ein smal stall. Med tanke på alt som har skjedd og måten vi rykkjer opp på, viser vi ein enorm styrkje, seier Hoff.

– Eg slo meg aldri til ro meg at vi skulle klare det før dommaren bles i fløyta i dag. Det er ogs styrken i gruppa. Vi har alltid jakta nye resultat og det må vi ta med oss inn i den nye sesongen, seier Start-angriparen.