– Eg googla og gjekk inn og las, men det var ikkje så enkelt forklart. Eg hadde aldri hatt ein sjukdom og ikkje ein pensilinkur i heile mitt liv før eg fekk diagnosa, seier Lene Eikeland frå Vennesla.
Mikkel Høiberg.
Foto: Håkon Eliassen/NRKAnette Strømsbo Gjørv.
Foto: Håkon Eliassen/NRKI 2006 fann legane ut av 31-åringen hadde høgt stoffskifte.
Då ho fekk diagnosa hadde ho mange spørsmål. Google-søk gav ho ikkje svar, men det gjorde sjukehuset.
Sørlandet sykehus har starta eit nettkurs der pasientar kan finne ut meir om sjukdommen sin.
- Prøv nettkurset her (ekstern lenke)
Også for pårørande
Tysdag lanserer dei sitt tredje kurs. Dette handlar om høgt stoffskifte, som råkar nær tre prosent av befolkninga i Norge.
– Eg trur at alle med kroniske sjukdommar, som råkar folk sine liv, er målgruppa for denne type kurs, seier hormonlege ved Sørlandet sykehus, Mikkel Høiberg til NRK.
Kurset er laga både for pasientar og pårørande.
Der får dei mellom anna vite kva høgt stoffskifte er, kva behandling som fins og korleis framtidsutsiktene er. Alt vert formidla gjennom video, bilete og tekst.
– Målet er at du raskt og enkelt skal kunne setje deg inn i kva høgt stoffskifte er. Kva det betyr for deg som pasient, og litt om pårørande. Slik at dei kan bli tryggare på kva det er, seier produsent og pedagogisk rådgjevar ved sjukehuset, Anette Strømsbo Gjørv.
– Vi går på nettet for å finne informasjon om sjukdommane våre. Når vi no kan komme med dette frå det offentlege helsevesenet der vi fokuserer på kva vi kan gjere, og korleis du kan forholde deg når du får ein sjukdom, så er det viktig, seier ho.
– Så godt liv som mogeleg
Hormonlege Mikkel Høiberg meiner nettkurset vil vere viktig for å gje pasientar og pårørande informasjon om kroniske sjukdommar i åra framover.
– Vi håpar å kunne informere om etablerte behandlingar i dag og kva moglegheiter vi har for å hjelpe pasientane våre, slik at dei får så gode liv som mogleg, seier han.
Lene Eikeland meiner at også mannen hennar har hatt godt utbyte av nettkurset.
– Eg trur det er viktig for å vere ei støtte for den som lever saman med eit menneske som har høgt stoffskifte.
Pasientane tek kurset på internett.
Foto: Håkon Eliassen/NRK